Ottar Kåsa, født 19/12 1983, norsk
hardingfelespelemann og felemakar frå
Arabygdi i
Vinje, utdanna felemakar frå
Ole Bull Akademiet med felemakar Sigvald Rørlien som læremeistar.
Musikkutdanning har han frå
Folkekulturstudiet i Rauland. Hardingfelespel lærte han fyrst av Terje
Hansen i Vinje kulturskule, seinare blei Aslak og Tarjei Romtveit viktige
inspiratorar og lærarar, det same med
Per Anders Buen Garnås. Viktige lærarar har òg vore
Vidar Lande og Per Åsmund Omholt. Kåsa hevda seg bra på
kappleik alt i ung alder og i 2011 vann han hardingfele klasse A på
Landskappleiken i Seljord. Han fekk òg kongepokalen for prestasjonen. Året
etter, i 2012, toppa han klasse A hardingfele på ny under Landskappleiken på
Otta.
Hausten 2010 hadde Kåsa ei sentral rolle saman med fiolinisten
Ragnhild Hemsing og skodespelar
Nils Sletta i konserten "Bull &
Myllaren anno 2010" på
Den Norske Opera i Oslo. I 2012 gav han ut sin fyrste CD
Ottar Kåsa, ei utgjeving som fekk
Spellemannprisen i klassa for
folkemusikk.
Som felemakar har Kåsa knytt kontaktar både i Noreg og utanlands, han har vore
utstillar på internasjonale handverksmesser, blant anna i
Tyskland. Han har òg vore felemakar ombord på "handverkscruise" på
Hurtigruta fleire gonger. Under Landskappleiken i 2012 blei Kåsa kåra til
vinnar også på felemakarutstillinga. Kåsa etablerte seg som hardingfelemakar i
Bø i Telemark i 2008 og hausten 2013 flytta han inn i eigen
felemakarverkstad i Bø.