|
|
Halvor Hansson Flatland
Halvor Hansson Flatland (1853-1929) var ein av dei tre kjente Flatland-brørne i Bø i Telemark. Dei to andre var Hans Hansson Flatland d.y. (Vesle-Hans) (1846-1916) og Olav Flatland. Vesle- Hans flytta til Amerika først på 1870-talet, og Olav flytta til Amerika i 1893. Far deira Hans Flatland d.e. (1812-1872) og bestefaren Hans Erikson Hellos (1782- ) var dugande spelemenn. Hans Flatland d.e. var ein god ven av Myllarguten, som ofte var innom på Flatland på dei mange reisene sine. Hans var kanskje dei fremste av dei tre brørne, og han lærde mykje spel av Myllarguten og av Sigurd Høgetveit i Vinje, som spela mykje med Myllarguten. Før Hans reiste til Amerika i 1870, fekk Halvor lære mykje Myllarspel av broren Hans, og dette vart kanskje viktigaste tradisjonslina etter Myllarguten, ført vidare frå Halvor Flatland særleg til Torkjell Haugerud. Halvor kjøpte garden Oppigard Li i Bø (av storspelemannen Halvor Jørgenson Li då han utvandra til Amerika) og tok namnet Li. Halvor Flatland utforma ei rad gode slåttar, delvis saman med Gregar O. Nordbø, slike gilde slåttar som Ligangaren, Siklebekken/Abildhaugen, Myllargutens minne og Gullfakse. Halvor ville ikkje lære frå seg til kven som helst, men Haugerud fekk lære alt han ville. Også Halvor Jørgensen Li (1862-1907) lærde mykje av Flatland, men han reiste til Amerika i 1880-åra. Halvor Flatland var noko nærvøs på kappleikar, og på den første kappleiken i Bø i 1888 kom han på andre plass etter Lars Fykerud. På minnesteinen over Flatland-spelemennene i Bø reist i 1933, står dette: "Her har Flatlandane spela, Myllarslått på Helland-fela. Steintjønndølas tonar linne song i Myllarguten var i Bø, budde han gjerne hjå Flatland, og Flatland-ætta vart eit sentrum for Myllarspelet i Bø. I 1898 gifta han seg og overtok garden Brukås på Langkåshaugen i Bø. Hentet fra Profiler i norsk folkemusikk.
Myllargangar Etter Halvor Flatland ( hentet fra YouTube )
|
Webmaster: Johannes Akkerhaugen |