Myllarguten oval.jpg

 

Myllargutfestivalen.no

Myllargutparken

vis-à-vis Norsjø Ferieland

3812 AKKERHAUGEN

 

 

 

INDEX

MYLLARGUT-FESTIVAN 2018

MYLLARGUTEN

MYLLARGUT-STUGO

Lars Fykerud

Haavard Giboen

Kristiane Lund

Bjarne Herrefoss

Torkjell Haugerud

Halvor Flatland

Knut Buen

Arve Tellefsen

Hauk Buen

Gjermund Haugen

Jørgen Tjønnstaul

Hallvard T. Bjørgun

Sigbjørn B. Osa

Johannes Sundsvalen

Per Anders Buen Garnås

Ottar Kåsa

Torgeir Straand

Anne Hytta

 

 

 

 

 

 

 

Johannes Sundsvalen

Johannes Sundsvalen vart født i 1947, og blei tidleg interessert i felespel gjennom dansen der han fekk høyre fleire store utøvarar, til dømes Kristiane Lund og Gjermund Haugen. Sistnemnde blei eit førebilete i spelstil, fyrst og fremst gjennom lærarmeistaren Johannes Evensen.

Gjennom eit par tiår var Johannes ein ihuga kappleiksdeltakar og spelte seg raskt opp i A-klassa med mange gode plasseringar. I 1990 gjekk han til topps på Landskappleiken i Nordfjordeid. Ved sida av kappleikspeling har det vore konsertar og dansespeling. Sidan 2001 har han vore musikalsk leiar i spelemannslaget Bøheringen.

I 1992 gav Johannes Sundsvalen ut CD-en Sølvbrura. Tittelsporet er ein sjølvkomponert bruremarsj. Elles er slåttane frå det ein kan kalle standardrepertoaret i Telemark, og da særleg slåtter som Gjermund Haugen nytta mykje. Han tok til med opplæring i hardingfelespel heilt attende i 1978, då i regi av Folkemusikkopplæringa i Telemark, eit tiltak drege i gang av Jon Stuvøy (1915-2003). Frå 1987 overtok kommunale musikk- og kulturskular organisering av opplæringa.

Sundsvalen har, i tillegg til i heimkommunen Sauherad, drive opplæring i Bø, Seljord, Nome, Notodden og Porsgrunn. Talet på elevar gjennom alle desse åra kan setjast til fleire hundre! Han har ein stor del av æra for at rekrutteringa av hardingfelespelarar i Telemark har teke seg opp, og det er i dag mange unge og gode spelemenn/-kvinner som har hatt Johannes som læremeister. Etter nærare 40 år med opplæring har han gjeve denne oppgåva vidare til yngre krefter frå og med skuleåret 2016/17.

I 2007 fekk han Telemark fylke sin kulturpris. I grunngjevinga er det peika både på eit høgt kunstnarrisk nivå og innsatsen innan opplæring. Med andre ord er Johannes Sundsvalen i høgste grad kvalifisert til å bli heidersmedlem i FolkOrg!

Hentet fra Folk Org.

Se intervjuet - trykk på bildet ( hentet fra YouTube )

Akkerhaugenspela 2015 hadde Johannes Sundsvalen på besøk for å spelle slåtter etter Myllarguten og hans lærere og arvtagere.
Halvor Langåsdalen forteller om Myllargutens opphav og barndom og starten på hans eventyrlege musikarliv. Mattis Flathus fra Nordagutu får spesielt fokus, Myllarguten skal ha sagt at det var Flathus som sette den fyrste ”skuven” i han som spellemann.

Nils Flatland som i 2014 fikk Kongens fortjenestemedalje i sølv forteller historier om Myllarguten og spellemenn fra den tida i Sauherad. I tillegg forteller han historien om Nes Dansaring som viser fram folkedans.

 

Møllargutens bruremarsj

 

 

Tilbake til startsiden

 

   Webmaster: Johannes Akkerhaugen